Hugs!

  • QUIZ Kvar fyrste fredag i månaden
  • KONSERTAR Store konsertopplevingar på ei lite scene
  • KUNST Me byttar utstillingar med jevne mellomrom

På grensa til allsong


Laurdag 18. november kl 20.30

 

På grensa til allsong 

Chorus-80 og Hardanger folkehøgskule inviterer til ein triveleg kveld på skjenkestova.

Det er kjekt å synga i lag. Endå kjekkare blir det når Magnus Opedal klimprar på piano og teksten vert servert på storskjerm. Me syng hits frå dei siste tiåra og har med oss stødige forsongarar.


Dersom du alltid har hatt lyst til å verta korsongar, har du sjansen til å testa det ut no. Det er vitenskapeleg bevist at korsong forlenger livet og gjer deg til eit lukkelegare menneske.

Det er sjølvsagt mogeleg å melda seg inn i Chorus-80 i løpet av laurdagskvelden, styreleiaren tek i mot innmeldingar med eit smil. Det er til og med gratis inngang. Du kan ikkje gå glipp av dette!

Vel møtt til allsong."