Ekspedisjonen Bryggeri produserer no øl for sal på ekspedisjonen.
Lysta til å etablere eit mikrobryggeri har vore med oss sidan me starta opp i 2005. Me har i desse åra sett behovet for å kunne tilby lokalt forankra produkt frå Hardanger. Tradisjonane for "kodn øl" og heimabrugg er og har vore sterke i Hardanger, det same gjeld for sider. Me gler oss difor stort til å kunne svara : JA! - når gjester neste gong spør oss om me har laga sideren sjølve.
Me har tilsett Olav H. Helleland som bryggerimeister. "Halldorsolav" har lang erfaring med heimebrugging og er spesialist på ølgjær. Me ser fram til å samarbeida med han.
I kranane renn det no "Raud harding" , "Bitter harding", "Kvit Harding" og "Doggfrisk harding"
Me tek imot grupper på omvising og ølsmaking. Ta kontakt for eit tilbod.