Opna 19. juni 2009. Me servere for tida fira typar handlaga øl frå fat. Bryggerimester Olav H. Helleland garanterer for kvalitet og smak. Me freistar å forene gode gamle hardangerske bryggjeskikkar med moderne produksjonsutstyr og fagleg tyngde.
Omtale på Chaîne des rôtisseurs sine heimesider - Hardanger vel vert eit besøk! http://www.chaine.no/news--events/hardanger---vel-verdt-et-besoek.aspx
Ekspedisjonen Skjenkestove ligg på Lofthus i Hardanger, i kjellaretasjen i Tunvoll bygget. Skjenkestova er eit godt norsk ord for ”pub”. Men Ekspedisjonen er òg ein cafè, me har lett matservering, rikhaldig barista – meny, hardangersider, øl og vin.
Me tek gledeleg i mot små og store lage til møte, selskap , åremål og anna. Me kan syne film, arrangere karaoke og skreddersy spørjeleikar til ditt arrangement.
Ekspedisjonen har sitteplass til omtrent 60 gjester innendørs og 200 utandørs i sommarsesongen.
På Ekspedisjonen Skjenkestove får du laurdags kafè, kunstutstilling, konsertar, quiz (kvar 1. fredag i månaden), pizza, trålaust internett og fotball på storskjerm i eit innbydande miljø.
I juni 2009 opna Ekspedisjonen Bryggeri, eit mikrobryggeri der me produsere øl, sider og eplesaft til våre gjester.
Fredag frå kl. 20.00 og utøve
Laurdag frå kl 20.00 og utøve
Ellers etter avtale